FAMILIEDAG MED STISYKLING OG BÅLBRENNING

Quick Details

Familie Gjeld til 5 opp personar | ingen aldersgrense
kr3300

FAMILIEDAG MED SYKKEL I SKOGEN

Vi startar i Nordfjord Stisenter med ein introduksjon til sykling på stiar. Ein lettsykla klatresti fører oss fint opp i terrenget, før vi får prøve oss over kular og gjennom doserte svingar på veg nedigjen. Her kjem smila og meistringskjensla momentant! Vi kosar oss her ei stund før vi bevegar oss lenger inn i skogen for å utforske naturlege stiar og nå den flotte bålplassen vår med utsikt over Nordfjorden. Her leitar guiden fram nokre lokale godsaker, og vi kosar oss ei stund før vi finn nokre nye stiar på veg nedigjen til Nordfjord Stisenter.

Dette ordnar du:

  • Sykkel til ungane om dei er for små til str S (ca. 145cm)
  • Klede som passar til fysisk aktivitet i aktuelt vær
  • Regnklede om det er utrygt for regn
  • Ein liten ryggsekk
  • Varmt mellomlag
  • vassflaske
  • kamera

a close up of a sign