- Vinter Sesong Vinter
- 3 dag Lengde 3 dag
Eit av dei mest ikoniske fjella på Vestlandet.
Raske detaljer
Vatnet i Holvikfossen styrtar 80 meter rett ned, og ønskjer deg velkomen til skogen med eit mektig brøl. Vi går Sherpabygde stiar gjennom skogen som berre er opplyst av lyskjegler frå hodelykter.
Det som er så fabelaktig med denne turen, er at den tar deg frå Sandane sentrum ved fjorden, og opp til fjellet på eit blunk. Vi legg fort sentrum bak oss, og entrar skogen, og like fort frå vi bruk for hovudlyktene. Når ein går i skogen i mørket, får ein kjensla av å vere heilt aleine. På toppen av Holvikfossen ser vi dei mørke silhuettane av fjella som kransar rundt fjorden. Vi trakkar forsiktig ut på utsiktsplattforma som strekker seg fleire meter ut i lause lufta rett ved sidan av den majestetiske fossen. På vegen tilbake, stoppar vi og fyrer bål, grillar pølser, og nyt atmosfæren som berre eit bål og gode historier kan skape i vintermørket.