NORDFJORD AKTIV
Nordfjord Aktiv byr på profesjonell guiding, kurs og utleige av utstyr. Vi skreddersyr turar som inkluderer aktivitetar, overnatting, mat og drikke. Sjekk ut aktivitets-kalenderen vår og send oss ein e-post slik at vi kan skreddersy den opplevinga som du ønskjer.

GUIDES
Guides Guidane våre må vere gode på å improvisere, raske til å ta avgjerder og gode til å forstå kundar og deira behov.
Les meir om guidane våre her.
Språk: Norsk, nederlandsk, engelsk, tysk
Utandørs aktivitetar har alltid vore min lidenskap. Mor mi tok meg med til Norge då eg var 11 år gammal, og den turen endra livet mitt. I 2000 flytta eg til Norge, og med mi utdanning som sivilingeniør, fann eg ein jobb på Vestlandet. I 2004 bestemte eg meg for å gjere lidenskapen min til jobb min, og starta opp Norway Adventures.
Eg organiserer opplevingar og tek deg med på tur i den norske villmarka og viser fram kulturen. For deg som kjem frå byen blir det ein detox frå by-livet, og vi guidar deg både i kultur og opplevingar.
På denne måten nyt og deler eg lidenskapen min for vill natur, aktivitet, folk, kultur, mat og Norge. Eg elskar å gå på ski, padle i kajakk, gå tur, fiske og kulturhistorie. Innimellom guiding jobbar eg med å skape den perfekte reisa med opplevingar, medan eg passar sauene på garden vår.
Eg ser fram til å møte deg og ta deg med på eventyr i Norge!
Dette er den tøffaste jenta i mils omkrets! Ho er den som klatrar dei brattaste fjella, dei mest utfordrande stiane eller padlar langt og bølge-surfar på kajakken sin. Utan at ho fortel så høgt om det. Ho ler, smiler og elskar å skape gode opplevingar for alle, uansett nivå.
Sjølv om ho er ein ung rebell, er ho ein erfaren guide som har jobba med å gje kundar gode opplevingar i mange år. Ho har grad 2 i MTB-guide utdanninga, og er ein erfaren og dyktig kajakk-guide. Du kan sjå fram til å oppleve naturen vår saman med Eirin!
AKTIVITETAR
Våre aktivitetar spenner frå fotturar til kajakk og stisykling. I tillegg arrangerer vi skredkurs, og skreddersyr pakkar med mat, kultur, overnatting og historie. Vi organiserer den aktiviteten og pakken som du ønskjer å oppleve.
