Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst

Lovar og reglar

Du må forstå og akspetere dei følgande lover og reglar før du kjøper ein tur eller leiger utstyr frå Nordfjord Aktiv

Generelt

Nordfjord Aktiv arrangerer turar, aktivitetar og leiger ut utstyr til aktivitetar. Målet er å gje gjestene våre unike opplevingar i naturen. Vårt selskap blir styrt av norske lover og særskilt lova om “Lov om kontroll med produktur og forbrukertenester (produktkontrollloven) av 11. juni 1976 og reguleringar som følgjer av denne lova.

Det faktum at du og vi er på tur i naturen, gir både oss som vert og gjesten ulikt ansvar. Terreng og ver varierer, og gjer at både vert og gjest må vere fleksible og akseptere endringar i planlagt opplegg. Vi ønskjer å snakke om dei ulike forholda vi må ta omsyn til før turen startar. Dersom vi må gjere endringar kjem vi til å finne alternative opplevingar så langt det er mogleg, til den same prisen. Endringar eller kanselleringar knytta til forhold som Nordfjord Aktiv ikkje kan kontrollere, gjev ikkje rett til å få refundert utgifter.

Informasjonen som står i dette dokumentet vil saman med skildringa av produktet du kjøper, vere kontrakta mellom kjøpar og selger.

Vi nyttar erfarne guidar på turane våre. Likevel er det alltid ein risiko ved å vere aktiv i naturen. Som vår gjest må du akseptere og forstå risikoen som følgjer av å vere med på tur med oss, og følgje råda frå guidane våre for å minimere risikoen.

Ansvaret til gjesten

Som gjest på våre turar eller ved å leige utstyr er du sjølv ansvarleg for å ha gyldig reiseforsikring. Ver merksam på at nokre reiseforsikringar set grenser for kva aktivitetar og område dei dekker. Våre turar inneber at vi er aktive i ulike typar terreng. Du er sjølv ansvarleg for å vere i god nok form og ha god helse til å delta og fullføre turane du har meldt deg på. Informasjonen om turane finn du på vår heimeside. Dersom turen er skreddersydd, vil du få informasjonen du treng frå oss. Vi har rett til å nekte gjester å delta dersom vi vurderer at dei ikkje er skikka til å delta og fullføre turen. Dette er for gjesten sin eigen sikkerhet. Du må sjølv melde frå til guiden dersom du kjenner deg uvel, er redd eller får angst eller dersom du er så trøtt og utsliten at du trur du ikkje klarer å fullføre turen. Du er ansvarleg for å gje beskjed til Nordfjord Aktiv dersom kontakt-infoen din blir endra. Du er ansvarleg for å gje Nordfjord Aktiv all nødvendig informasjon for å sikre at du får ei god oppleving. Du har plikt til å følgje lovar og reglar som den norske stat har, Nordfjord Aktiv og selskap som vi samarbeider med. Du må oppføre deg på ein måte som ikkje gjer at andre gjester eller lokale personar kjenner seg ukomfortable med. Dersom du ikkje følgjer informasjonen ovanfor, har Nordfjord Aktiv rett til å nekte deg å delta på aktiviteten eller turen. Gjesten som blir nekta på dekke transportutgifter og andre utgifter som påløper som ei følgje av at vedkomande ikkje følgjer lover og reglar.

Nordfjord Aktiv sitt ansvar

Nordfjord Aktiv er ansvarleg for å gjennomføre aktiviteten og turen som planlagt. Unntaket er dersom det skjer noko i høve til covid -19 , ver -tilhøve eller andre hendingar som plutseleg gjer at det ikkje er forsvarleg å gjennomføre turen som planlagt.
Nordfjord Aktiv er ansvarleg for å ha guidar som har kunnskap til å ta i vare sikkerheten på turen og tilpasse seg ulike hendingar som kan oppstå.
Nordfjord Aktiv er medlem av Reisegarantifondet, og ansvaret for å dekke reiser som ikkje blir gjennomført følgjer deira reglar.

Ordre, betaling, kansellering, klager og refusjonar

Komplett kansellering må gjerast seinast 4 veker før gjennomføringa av turen/aktiviteten dersom alle utgifter skal refunderast.
Kanselleringar 2-4 veker før turen/aktiviteten/leige: 50% av dei totale utgiftene ved booking vil bli refundert.
Kanselleringar 1-2 veker før turen/aktiviteten/leige: 75% av dei totale utgiftene ved booking vil bli refundert. Cancellation 2-1 weeks before the event:
Kanselleringar kortare tid enn 1 veke før turen/aktivtiten/leige fører ikkje til nokon refusjon av beløpet som vart betalt ved booking.
Booka aktivitetar/turar/leige som ikkje blir nytta, skal likevel betalast.
Mindre justeringar i talet på deltakarar kan bli gjort fram til 1 veke før aktiviteten/turen/leiga.
Gjestande har ikkje rett til å få refusjon dersom turen/aktiviteten blir gjennomført som planlagt, eller eit alternativt produkt blir arrangert.
Gjestande har ikkje krav på refusjon dersom dei kjem for seint, reiser før aktiviteten er ferdig.
Dersom du som gjest blir skada eller sjuk og får dette stadfesta/sjukmelding frå lege, får du 90% refusjon dersom du ikkje kan delta på aktiviteten/turen eller leige utstyr som planlagt. Føresetnaden er at skaden eller sjukdomen oppstå etter booking og før aktiviteten/turen.
Betaling blir gjort online ved booking. Grupper kan betale per faktura, men dette må avtalast på førehand. Faktura vil bli sendt per e-post eller EHF:
Gjester må vise at dei har betalt før dei kan leige utstyr eller reise på aktivitet. Dersom du opplever at produkta våre har manglar eller at noko ikkje stemmer, må du seie i frå til oss umiddelbart. Dersom det ikkje blir retta opp eller du ønskjer å klage på aktiviteten/turen/utstyret, ønskjer vi helst at du gjer det skriftleg og uansett seinast 1 månad etter turen/aktiviteten eller utstyret du leigte.
Dersom der er ulike meiningar mellom deg som kunde og Nordfjord Aktiv som vert og tilbyder, kan det bli teke vidare til forliksrådet og behandla etter norske lovar og reglar. there are different opinions between Nordfjord Aktiv and the customer, it can be brought to a dispute Settlement body and treated according to Norwegian regulations.
Gåvekort kan bli brukt opp til eitt år etter at dei er kjøpt.

Sikker lagring av personleg informasjon

Vi lagrar all personleg informasjon i følgje norske og euorpeisk lovar og reglar, GDPR.
Undervegs på turane tek guidane ofte bilete eller video til bruk for marknadsføring. Dersom guiden gløymer å spørje om løyve, må du seie i frå dersom du ikkje ønskjer å vere med på dette.

Leige av sykkel

Den som leiger sykkel må vere minst 18 år eller ha med seg følgje som er over 18 år.
All sykling er på eige ansvar. Nordfjord Aktiv er ikkje ansvarleg for skader eller skader/manglar på personleg utstyr eller eigedelar som kan oppstå når du leiger utstyr hos oss.
Nordfjord Aktiv er ikkje ansvarleg for at kundar ikkje meistrar utstyret eller ikkje kan bruke det i heile perioden de har leigt det for. Vi er heller ikkje ansvarleg for skader eller sjukdom som oppstår medan de leiger utstyr frå oss.
Vi anbefalar at du brukar sikkerhetsutstyr som hjelm, knebeskyttar og hanskar. Kunden er sjølv ansvarleg for å melde frå om skader eller tjuveri av sykkelen dersom dette skjer i leige-perioden.
Vi anbefalar at du har ei reiseforsikring som dekker skader eller tjuveri på utstyr som du leiger.
Dersom du leverer sykkelen tilbake seinare enn avtalt, kan det kome krav om ekstra betaling.

Når du leiger sykkel frå Nordfjord Aktiv, må du lese og akseptere NOTS`stisykkel code of conduct.

Ver respektfull og hyggeleg ovanfor andre gjester og dei som de møter på tur.
Syklistar må vike og gje plass til gåande.
Ikkje sykle så fort at du er hasardiøs eller skremmer andre. Ver spesielt merksam der det er vanskeleg å ha oversikt og vite om der kjem gåande, eller på støylar og der folk samlast.
Ro ned til roleg, gåande tempo der du passerer andre eller stien er smal og uoversiktleg.
Dersom du ikkje har kunnskap og erfaring til å passere ei hindring med sykkelen, må du gå av sykkelen og trille den forbi.
Unngå å sykle på stiar dersom det er vått og regn.
Ikkje gjer stiane breiare ved å sykle utanfor hindringar.
Der det er myr og våte områder må du bære sykkelen for å unngå nye og djupe spor i terrenget.
Du må ikkje blokkere bakhjulet ditt i bratte parti.
Dersom du syklistar møtest i ein bakke, er det den som syklar oppover som har “”forkøyrsrett””.

Tilleggsinfo om kajakk-leige

For å kunne leige kajakk frå Nordfjord Aktiv, må du vere 18 år gamal og ha våttkort som Norges Padleforbund har. Nordfjord Aktiv har padlekurs der du kan få våttkort etter endt kurs.
Dersom du har våttkort eller liknande sertifisering, kan du leige kajakk til ein person som ikkje har våttkort.
Du må vere førebudd på at veret kan endre seg, og ha ein plan for kva du gjer dersom det skjer. Det er spesielt vind som kan skape problem, og det er viktig å ta omsyn til at den kan kome plutseleg og uventa.
Når du leiger utstyr, er du ansvarleg for å gje beskjed til oss dersom det blir skade på utstyret.
All kajakk-padling er på eige ansvar. Nordfjord Aktiv er ikkje ansvarleg for skader eller tap/skade på personleg utstyr som oppstår når du leiger utstyr med oss. Nordfjord Aktiv er ikkje ansvarleg for at kundane ikkje meistrar utstyret eller ikkje kan leige det i heile perioden. Vi er heller ikkje ansvarleg dersom personen som leiger utstyr blir skada eller sjuk medan ein leiger kajakk.
Vi anbefalar å bruke sikkerhetsutstyr når du leiger kajakk. Det viktigaste er flytevest. Vi tilbyr og spruttrekk, padle-åre og våt- eller tørrdrakt etter behov.
Du er ansvarleg for å oppføre deg i naturen slik at du ikkje skadar naturen, fuglar, dyr eller privat eigedom. Opptre med respekt og varsemd der du er.
Kunden er ansvarleg for å dekke eventuelle skader eller tap av/på kajakken eller tilhøyrande utstyr som kunden låner.
Vi anbefalar at du har gyldig reiseforsikring for skader og tjuveri.
Dersom kajakken blir returnert etter avtalt tid, kan det kome krav om ekstra betaling.