Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst

VANDRING I TRIVSELSSKOGEN

Raske detaljer

Person Minimum 6 år
kr750

Heilt til toppen av Holvikfossen

Berekraftige stiar og sherpabygde trapper leier deg gjennom ein skog med mange utsiktspunkt og mykje sjåverdig, heilt til toppen av Holvikfossen.

Det som er eineståande med denne turen er at du blir tatt med frå sentrum av Sandane ved fjorden og opp i fjella gjennom ein skog med utsiktpunkt, opne hytter, leikeplassar, campar og Fosseteateret – ein utsiktsrampe som strekkjer seg ut i lause lufta ved toppen av den 80 meter høge Holvikfossen. Utsikta kan ikkje skildrast med ord… Stiane vi går på er bygde for hand, og steinane i trappene er lagde av Sherpaar frå Nepal. På turen nedigjen går tar vi ei lita pause i Draumekvila før vi går gjennom kjærleiksskogen til det utrulege området i og rundt TIN-camp. Tilbake i Sandane sentrum kan vi sjå oppigjen på fjellsida vi nettopp kom ned frå, og vi undrar oss korleis den kan skjule alt dette vi nettopp har opplevd

Du ordnar

  • Passande kle for å vere fysisk aktiv i det aktuelle været og temperaturen.
  • Varmt mellomlag kle (til å ta på i pauser)
  • Liten ryggsekk (10-30 L)
  • Fjellsko/tursko
  • Drikke
  • Mobil/Kamera

a close up of a sign