Hopp til primærnavigasjon Hopp til innhold Hopp til bunntekst
Tilbake til Blog

GLOPPEN HAR MYKJE Å BY PÅ!

a view of a large body of water

Medan vinteren ikkje vil heilt sleppe taket og nysnøen dalar ned på grøne gras-strå, tenkjer eg at dette er den finaste tida. Linerla har nett kome, snøen ligg fint i fjella, og vi kjenner at kropp og sjel har godt av lange, lyse dagar og meir varme. Ønskjer du å lese ei bok som verkeleg kan skildre våren på ein god måte, anbefalar eg Knut Hamsun si bok «Pan». Som min dedikerte norsk-lærar sa på vidaregåande; å lese «Pan» om våren er som å drikke ei flaske vin på styrten!

Snart er det tid for sommar-ferie. På nokre få, konsentrerte veker skal vi oppleve Norge.
Nordfjord Aktiv ser fram til sommaren i år. Vi trur at mange vil finne vegen innom Gloppen i Nordfjord, der vi har vår base. Vi har jobba med å få samarbeidspartnarar. Det gjer at vi står sterkare framfor årets sesong.

Sommaren 2021 kjem vi til å ha guida turar og kurs på stisykling og kajakk. Nordmenn er impulsive, og då må vi vere klar til tur kvar dag. Du kan booke direkte på våre nettsider.

Vi har erfarne guidar og eit godt nettverk slik at vi kan setje saman turar og aktivitetar etter dykkar ønskje. Vi tilbyr turar til firma som ønskjer å gjere noko saman, skuleklasser, ei avdeling på jobben, vennegjeng eller familie.

Vårt signatur-produkt er guida stisykkel-turar. Vi er mest i Nordfjord Stisenter som er bygd for stisykling og som kan brukast av nybegynnarar og vidarekomne – uansett ver. Det gjer at vi alltid kan tilby tur. Ønskjer du andre utfordringar kan vi ta deg med på andre stiar. Då må vi vurdere ver, ferdigheter og tid, for å finne det som er optimalt både for stiane og deg som gjest.

Vi serverer gjerne lokalmat på turen, og på kvelden kan du kanskje få med deg ein konsert eller kulturarrangement. Gloppen er ein av Norges mest aktive kultur-kommunar, og Nordfjord Aktiv er ein av støttespelarane for «Kultur til folket». Det er ein konsert-serie på sommaren med ulike arrangement, tilpassa dei gjeldande smittevern-reglane. Sommaren 2020 hadde vi mange, flotte arrangement, sjølv om vi ikkje kunne ha så mange i publikum.

Ein god mix med lokalmat i topp-klasse, utfordrande og artige aktivitetar, fantastisk natur, kjekke folk og spennande kultur-opplevingar gjer at Gloppen er ein destinasjon du må ha fleire dagar i for å oppleve.

Ta kontakt, og vi set saman ein pakke og fixar det meste. Send oss melding på facebook eller [email protected]. Tlf 90089170.
Og du, då sjåast vi snart!😊

Sjekk ut:

Overnatting

www.gloppenhotell.no

www.gloppen-camping.no

www.byrkjelocamping.com

www.reed-camping.no

www.solvanegard.no

Kultur

www.gloppenmusikkfest.no

www.pederhuset.no

www.kaffiogkultur.no (Lauget)

www.solvanegard.no

www.misf.no (Nordfjord Folkemuseum)

Mat

www.stabbursliv.com

www.gardsbrenneriet.no

www.paaldtun.no

www.hogtogvilt.no

www.bakarjon.no

www.kandalkjott.no

På Facebook:
Aktivitet: Stall Rygg
Overnatting: Nordfjord Lodge, Engeset Trehytter
Kultur: Kultur til folket
Mat: Vereide bakeri, Fjæra kafè, Daiva sin butikk, Vaffleriet, Kandal Ysteri

  • Publisert i: